I ei pressemelding frå Stord kommune skriv dei at det skal opprettast eit nytt asylmottak på Stord. Den store mengden asylsøkjarar i Europa skal skal vere bakgrunnen for at Utenriksdirektoratet (UDI).
– UDI har gjennom mange år hatt eit godt samarbeid med Stord, og ser på Stord som ein erfaren og god vertskommune for mottak, seier seniorrådgjevar Sissel Mehammer i UDI.
Einslege mindreårige blir teken imot på mottaket som skal vera på Litlabø og rommar 40 personar.
– Me fann ut at dette anlegget var godt eigna og hadde ei aktuell plassering i trygge omgjevnader, seier Marianne Hoff Hjertås i Hoff Mottaksdrift, som har vore på synfaring med Frontagruppen som eig lokalet.
Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland (H), er glad for at Stord er blitt valt ut til å ta i mot flyktningar.
– Dette kan vere med på å avhjelpa ein pressa situasjon for dei som no står i ein vanskeleg situasjon. Eg er sikker på at Stord-samfunnet vil ta varmt imot dei som kjem.