Screen Shot 2015-09-03 at 09.57.49

Frakta til sjukehus etter trafikkulykke

Vedkommande er ved medvit.

Torsdag morgon vart ein person frakta Haugesund sjukehus etter ei trafikkulykke ved Spannavegen i Haugesund.

Ein personbil vart påkøyrd bakfrå då den var på veg til å svinga ned mot Felleskjøpet-butikken.

Den skada personen vart meldt medvisslaus, men var ved medvissheit då ambulansen frakta vedkommande til sjukehuset.

Nærare undersøkelsar vil finna svar på kor alvorleg skadeomfanget er.

Bilane vart fjerna i 9-tida, og vegbanen er opna for fri ferdsel. Politiet opprettar sak på forholda, og vil bli etterforska vidare.