Foto: Enslaved si Facebook-side.
Foto: Enslaved si Facebook-side.

De Kristne stemplar Enslaved som «satanistband»

– Eg finn meg ikkje i å bli amatørmessig og slurvete anklaga for å vera assosisert med, eller involvert i, noko form for «satanisme», svarar Ivar Bjørnson i metalbandet.

Tysdag gjekk De Kristnes førstekandidat i Bergen, Anne Margrethe Lorentzen, ut i eit lesarinnlegg i avisa Dagen og kritiserte at Enslaved er invitert til borneskular for å presentera sin musikk.

– I nyhendesendinga tysdag 25. august opplyste NRK at bandet Enslaved er invitert til å besøkja borne- og ungdomsskular for å presentera sin musikk og kva dei står for, skriv ho i lesarinnlegget i Dagen.

– Mange reagerer på dette, fordi dei opplev at dette bandets musikk har eit element av satanisme, held ho fram.

Vidare skriv ho at dersom hensynet til nøytralitet ikkje er til hinder for å visa skuleelevar satanistisk musikk, kan ikkje dette hensynet vere til hinder for å tilby elevane å delta på ein skulegudsteneste dersom dei ynskjer det.

Ein av grunnleggjarane i bandet, Ivar Bjørnson, svarar med eit innlegg i same avis. Innlegget har den treffande tittelen «God natt, midt på dagen».

– Me skal ikkje ha noko av at du bruker Enslaved sitt gode navn i din valkamp på ein måte som kan setja medlemmane og våras familiar i eit spekulativt lys, skriv han.

– Eg finn meg ikkje i å bli amatørmessig og slurvete anklaga for å vera assosisert med, eller involvert i noko form for «satanisme», skriv han vidare.