150902 anundsen

Sjå Anundsen vitse om eigen «skrytevideo»

HUMOR/POLITIKK: Tysdag føremiddag var justisminister Anders Anundsen (Frp) saman med Haugesund Frp på vitjing i Sandeid fengsel for å diskutera behovet for eit nytt fengsel på Haugalandet.

Bakgrunn: Sjå videoen «Trygghet i hverdagen» på regjerina sine nettsider. Anundsen har blitt utsett for massiv kritikk for videoen mange ser på som propaganda. I videoen legg han vekt på at media ofte framstiller han – og partiet hans – på ein negativ måte. Seinare går han rundt og opptrer som reportar og intervjuar politimenn og andre offentlege tenestemenn om kor rosenrødt ting ser ut.

Då underteikna – og fotograf – ba Anundsen sjå på reportar, og ikkje inn i kamera, under intervjuet, svara politikaren med ein kjærkomen vits som tyder på ein fin sjølvironi.

– Rett inn der, slik me snakkar til veljarane. Me er flinke til å lage videoar me, skjønar du, smiler Anders Anundsen med god latter frå Terje Halleland i bakgrunnen.