brannbil

Husbrann på Tysnes

Familien på fire berga.

Klokka 04 natt til onsdag meldte 110-sentralen Hordaland på Twitter om bustadbrann på ved Færevågvegen på Tysnes.

Huset var overtent, men alle var komen ut eit drøyt kvarter seinare, skreiv dei på Twitter.

– Det var fire poersonar som var registrert på adressa. Dei tok seg over til ein nabo i nærleiken, fortel operasjonsleiar Morten Kronen til Sunnhordland.

Det står etter forholda bra til, men slike hendingar set spor hos ein.

– Etter omstenda står det bra til. Dei er sjølvsagt prega av hendinga. Det er jo dramatisk, seier Kronen til avisa.

– Me fekk meldinga om brannen klokka 03.57, og klokka 05.37 var arbeidet heilt avslutta på staden.

Det har ikkje lukkast TV Haugaland å få ein kommentar frå operasjonsleiar onsdag morgon.