NÆRINGSLIV: På Stord er det Wärtsilä og Kværner Stord som er hardast råka. På Karmøy måtte Solstad sei opp 300 stillingar. Vest- og austlandet har vore hardast råka av den pågåande oljekrisa.
No har den for alvor inntruffen austlandet, og Aker Solutions måtte kutte opp til 500 stillingar i Oslo denne veka.
«Nå er me i gong», tenkte Sunde då han fekk beskjeden, beskriv han ovanfor Dagbladet.
– Me trur fleire bedriftar kjem til å nedbemanna no, fordi marknaden er så råten som den er, seier Sunde til riksavisa.
Ifølge Sunde kjem ikkje berre oljearbeidarar til å bli råka av krisa. Bemanningsselskap, hotell og andre bedriftar som er avhengige av oljeverksemda vil òg bli råka
– Denne bransjen, som i utvida forstand består av 350.000 personar – som er ekstremt mange i eit lite land – vil koma til å bli mykje mindre.
Då Dagbladet spurte han om kor mange av han ser for seg mistar jobben innan eitt år, svara han:
– Då vil det ikkje overraska meg om det er 50-70.000 færre i vid forstand. Og så er håpet for oss som samfunn at dei finn alternative jobbar.
– Det er oljeprisen som styrer det heile, og den er langt utanfor deira kontroll, seier Sunde om kva politikarane kan gjera.