NYNORSK: Torgeir Dimmen  mener mange ungdomspartiene kommer med urealistiske valgløfter når de lover at de vil fjerne norsk sidemål. FOTO: NYNORSKSENTERET
NYNORSK: Torgeir Dimmen mener mange ungdomspartiene kommer med urealistiske valgløfter når de lover at de vil fjerne norsk sidemål. FOTO: NYNORSKSENTERET

Nynorsk som valflesk

"Norsk = nynorsk + bokmål. Slik har det vore sidan Ivar Aasens tid. Før det brukte ein som kjent dansk her til lands", skriver Torgeir Dimmen i Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i et leserinnlegg.

MENINGER: Det er valkamp, og partia er på ivrig jakt etter saker dei trur kan kapre veljarar. Lokalpolitikarane lovar arbeidsplassar, sjukeheimsplassar og leikeplassar i eigen kommune, og må tole å bli konfrontert med eventuell manglande gjennomføring ved neste val.

I store deler av landet har ein del ungdomspolitikarar på høgresida ein annan strategi. Dei resirkulerer ein gammal travar i litt ulike variantar. To av dei mest populære er «valfritt sidemål» og «nei til nynorsk».

Dette er feitt valflesk som dei veit dei ikkje kan gjennomføre. Slike utspel får kanskje ein del støtte i kommentarfelta og applaus i skuleval-debattane, men spørsmålet har ingen ting i ein lokalvalkamp å gjere.

Norsk = nynorsk + bokmål. Slik har det vore sidan Ivar Aasens tid. Før det brukte ein som kjent dansk her til lands. No har Noreg hatt to offisielle målformer i 130 år, og i dag har ein fjerdedel av norske kommunar nynorsk som administrasjonsspråk. Om lag 600 000 nordmenn brukar helst nynorsk når dei skriv norsk, og nesten 100 000 skuleelevar har bokmål som sidemål.

Den mangfaldige norske språkkulturen med to skriftlege variantar og eit utal dialektar er eit sjølvsagt grunnlag for læreplanane i norsk, heilt frå 1. klasse til vidaregåande. «Nynorsk» eller «bokmål» er difor ikkje eit eige fag som kan veljast bort på ungdomstrinnet eller i vidaregåande opplæring.

Det er brei politisk semje om at læreplanane med sine kompetansemål skal vere nasjonale. Dvs. at eleven skal lære det same, anten han eller ho går på skule i Larvik, Luster eller Lødingen. At eit kommune- eller bystyre skal kunne innføre lokale variantar av norskplanen, som ser bort frå ein sentral del av norsk språk- og kulturhistorie, er uaktuelt. Dette vil i så fall vere ein heilt ny praksis frå dei som bestemmer slikt, nemleg Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet.

Korleis sidemålsundervisinga skal foregå, kan diskuterast. Det kan også vurderingsmåtane. Men spørsmålet om norskfaget skal omfatte begge målformene, bør ikkje vere tema i ein seriøs debatt om innhaldet i den norske skulen.