Gullfaks A. Foto: tjodolv/Creative Commons, flickr
Gullfaks A. Foto: tjodolv/Creative Commons, flickr

Oljeprisen kraftig opp

Fredag morgon var den oppe på 48,43 dollar fatet.

Mandag denne veka var oljeprisen nede på godt under 43. Det er det lågaste sidan finanskrisa i 2008.

Men verdas oljeprisar steig natt til fredag med meir enn ti prosent då sterke USAs veksttal blei presentert.

Uroen i marknaden verda over og børsfallet i Kina har sørga for fallet i oljeprisen dei seinaste vekene.

Ifølge Dagens Næringsliv er dette den største oppgangen i løpet av ein dag sidan 2009.