FOTBALL: Søndag reiser FK Haugesund til Kristiansand for å møta Start i Tippeligaen. Ein kamp som er avgjerande for resultatet i botnstriden.
Start ligg for augneblinken under FKH på tabellen, og haugesundarane tek eit stort skritt dersom dei får med seg alle tre poenga.
– Eg ser for meg ein spanande kamp. Det er to lag som har tapt mange kampar i det siste, og det er ein viktig kamp poengmessig for begge lag, seier Jostein Grindhaug.
– Eg ser Start har godt over til ein meir fysisk form for fotball, litt meir dødballaktig på lange innkast og cornerar, seier han.
Vidare fortel Grindhaug at han ser for seg ein jamn kamp, og at kampen blir avgjort på vilje.
Kva har dei som de fryktar?
– Dei har gode enkeltspelarar. Han [Kristoffer] Ajer er god.
Korleis blir han å handtera?
– Han blir vanskelig å handtera. Han har ei fri rolla i Start, vandrar litt, har styrkane sine både med ball og i spisskompetanse i å scora, seier han.
Førre søndag tok han sjølvkritikk etter laguttaket mot Bodø/Glimt, i ein kamp dei tapte 2-4.
Kva lærde du av analysebileta dagen etterpå?
– Eg lærde at eg ikkje må vera så bombastisk etter kamp. Me gjorde ikkje mykje feil mot Glimt, svarar han.