LB_Konkurs__dommerk_162986c

Dømd til 14 og 12 års fengsel for Kvinnherad-drapet

Kvinner på 49 og 38 år er dømd for drapet på Sigmund Gravdal.

Den 17. august starta ankesaka etter drapet på 65 år gamle Sigmund Gravdal på Sandvoll i Kvinnherad for to år sidan.

To veker vart satt av, og no er dommen klar: Gulating lagmannsrett har dømd to kvinner på 49 og 38 år til henholdsvis 14 og 12 års fengsel.

Det skriv Bergens Tidene fredag ettermiddag.

Den eldste av dei to blei òg dømd i Sunnhordland tingrett, men då til 13 år. 38-åringen vart i tingretten frifunnen for medverknad til drapet.

Det blei fortald av dei to kvinnene at dei møttes i Kvinnherad etter å ikkje ha sett kvarandre på lang tid. Dei hadde først møttes i fengselet.

Blir ikkje trudd

Etter ein lang kveld med alkoholdrikking, fyllekøyrde dei til Sandvoll, kor Gravdal budde, i håp om å få tak i meir drikke. Gravdal hadde ikkje noko å tilby, og etter fleire «fornærmelsar» frå Gravdal hadde 49-åringen kalt han for «ein pedofil jævel». Då hadde Gravdal gått til angrep på ho, og ho hadde slått han med ei sleggja i sjølvforsvar.

Forklaringa vart imidlertid ikkje trudd av verken tingretten eller gulatingsdommene.

Samsvarar ikkje med tekniske funn

Dommarane meiner at forklaringane til kvinnene er «fragmentariske, og lite i samsvar med tekniske funn».

Ifølge BT skal Gravdal ha motteke over 70 slag i hovudet.