Ledighetstallene går opp så og si på hele Haugalandet og mest i Haugesund. Illustrasjonsbilde: TEJ
Ledighetstallene går opp så og si på hele Haugalandet og mest i Haugesund. Illustrasjonsbilde: TEJ

9291 arbeidslause i Rogaland i august

– Arbeidsløysa i Rogaland aukar, og på bakgrunn av dei signala me får frå næringslivet så forventar me framleis auke i arbeidsløysa i tida som kjem, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland i ei melding i dag.
Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Han fortel at arbeidsløysa aukar meir i Stavangerregionen enn nord for Boknafjorden, og den aukar óg mest i mannsdominerte yrke, som bygg- og anlegg, industri og ingeniør- og ikt-fag. Ved utgangen av august står 9291 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrka. Samanlikna med august 2014 har arbeidsløysa i Rogaland auka med 65 prosent.

668 personar er i eit arbeidsretta tiltak i regi av NAV Rogaland. Dette utgjer 0,3 prosent av arbeidsstyrka. Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak utgjer bruttoarbeidsløysa i fylket. Bruttoarbeidsløysa i Rogaland er no 3,9 prosent av arbeidsstyrka, medan den er 3,4 prosent i Noreg.

Arbeidsløysa aukar i alle yrkesgrupper og i alle aldrar
Flest arbeidslause er det i yrkesgruppene bygg- og anlegg (1407 personar), industri (1426 personar) og ingeniør- og ikt-fag (1333 personar).
–Det me ser er at arbeidsløysa stig i alle aldersgrupper, og i alle yrkesgrupper. Men den stig mest blant dei som jobbar i yrkesgruppene bygg- og anlegg, ingeniør- og ikt og industri, seier Truls Nordahl.

Pluss 3649

Det er 3649 fleire arbeidslause i Rogaland no enn for eitt år sidan. No i august står 3650 kvinner og 5641 menn utan arbeid. 2775 personar som står utan jobb er mellom 30 og 39 år, medan den største prosentvise auka i arbeidsløysa er blant dei over 60 år. 2844 arbeidslause er mellom 16 og 29 år. Desse utgjer 31 prosent av arbeidsløysa i fylket.

Over fire prosent arbeidsløyse i fem kommunar
Sandnes, Strand, Eigersund, Haugesund og Bokn har i august ei arbeidsløyse på 4 prosent eller over. Arbeidsløysa aukar i alle kommunar, med unntak av Sauda.

Nord for fjorden ser NAV-tala over antal arbeidsledige i kommunane ved utgangen av august slik ut:

Haugesund, 876 (4,5 % av arbeidsstyrken) + 207 (økning)
Suldal, 23 (1,1) + 8
Sauda 47 (1,9) – 7
Bokn 19 (4,3) + 14
Tysvær (118) (2,1) +3
Karmøy 817 (3,8) +144
Vindafjord 93 (2,0) –