HAUGESUND: – I dag er temaet Trygt Uteliv, det er eit samarbeidsprosjekt som er her i Haugesund. Eg skal læra litt om det – eg tenkjer det er viktig med ein god dialog med utelivsnæringa, seier Knut Arild Hareide (Krf) til TV Haugaland.
Onsdag ettermiddag møtte han utelivsbransjen og politiet i byen for å diskutera utelivspolitikken i byen. Han fekk òg læra litt om Trygt Uteliv-kampanjen som har pågått sidan første halvår i 2014.
Bjørn Gerry Viksund i Inventum er nøgd med dagens skjenkepolitikk.
– Det var overraskande store einigheit, me ynskjer minst mogleg endringar, seier Viksund til TVH.
Det vart nyleg kjend at bevillingsutvalet i Haugesund blir lagt ned, og skjenkebevillingssakane vil frå no av bli teken hand om av helse- og omsorgsutvalet.
Det bekymrar Viksund smått. Men han understrekar at skjenkebransjen i Haugesund forblir positive og svartmalar ingenting.