ingunsolbergharloff

Positive tal for reiselivet

Medan færre danskar vitjar nord-Rogaland, kjem tyskarane og britane i hopetal.

TURISME: Ferske statistikkar fortel oss at nord-Rogaland har hatt ein solid oppsving i kommersielle overnattingsdøgn for hotell og camping.

I perioden januar til juni i år har det vore ein auke på 11,3 prosent gjestedøgn for hotell og camping.

I tillegg har det vorte registrert 65,5 prosent fleire tyskarar enn i fjor, samt 58,7 prosent fleire britar. På den måte står dei for store delar av besøkstalla.

– Det er heilt fantastisk. Det er detta me har jobba for, seier Ingunn Solberg Harloff, markedssjef i Destinasjon Haugesund & Haugalandet AS.

– Det er kjekt å sjå at me ikkje berre føler at det er mange folk i byen, men at bedriftane òg kjenner på det.

Kor mykje har dette å sei for regionen?

– Det har jo kjempemykje å sei. Spesielt for reiselivbedriftane. Men òg for andre næringar som handel-, uteliv- og tansportnæringa.

Sjå videosak i vindauget over!