Nettverk U37 er ei ressursgruppe som Stord Næringsråd har organisert for unge, aktive, samfunns- og næringslivsinteresserte på Stord. Målet er at ein kan få fagleg påfyll, knytte kontaktar og byggje relasjonar. Denne kvelden møter trebarnsmora Ragnhild Janbu Fresvik som fortel korleis ho vart konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest i ein alder av 34 år. I tillegg kjem representantar for Apply Leirvik og Kværner innom og fortel korleis dei legg til rette for sine unge talent.