erlingpk

Møt tremålscoraren – og linselusa PK…

Erling Flotve Myklebust stal showet for FKH 2 mandag. Dagen derpå var det Per Kristian Bråtveit som stal showet då TV Haugaland møtte hat-trick-helten.

FKH 0-4 VARDENESET, 3. DIV, AVD. 6: Førre tysdag tapte dei så det sang 1-4 borte mot Viking 2. Mandag kveld slo dei kraftig tilbake og slo tabelltrear Vardeneset 4-0.

– Terningkast seks! Verdig bra lagsiger, alle sto på og gjorde jobben sin. Vardeneset skapa nesten ingenting, seier Erling Flotve Myklebist til TV Haugaland dagen etter sigeren.

Espen Bull-Tornøe er hovudtrenar for FKH 2, og gjorde grep etter tapet for Viking.

– Me har hatt fokus på å sikra kvarandre i det defensive, og å spela «safe» i staden for å spela på høg risiko, seier han.

No håpar den tidlegare Åkra-spissen at Jostein Grindhaug får med seg storspelet, og at han omsider får seg eit innhopp og to for førstelaget.

Sjå videointervjuet med Myklebust, og «PK» som ikkje klarte å halda seg unna kamera denne gangen heller…