Hans-Kristian-Thorbjørnsen-900x444

Seks millionar til næringshagane i Rogaland

Målet er å styrka næringslivet i regionen og utvikla effektive arbeidsmetodar for innovasjon og nyskapning.

Millionane blir fordelt på tre år, og er eit samarbeid mellom næringshagane i Suldal, Vindafjord, Avaldsnes og Judaberg.

– Regjeringa ser på næringshagane som eit viktig knytepunkt for små og mellomstore bedriftar. Dei samarbeidar og lærer av kvarandre og bidreg til omstilling og verdiskapning, seier stortingsrepresentant Arve Kambe frå Høyre og Bente Thorsen frå Frp.

Kambe understrekar at dette er viktig i ei tid kor heile Noreg må tilpassa seg ei ny økonomisk verkelegheit.

– Me må difor både leggja til rette for å få fleire gründerar og stimulera til kompetanseutvikling i næringslivet. Desse prosjekta vil bidra til nettopp dette, seier Kambe.

Siva, det statlege selskapet som støttar opp om gründerverksemda, utfordra i mai næringshagane i sitt partnarnettverk til å foreslå gode utviklingsprosjekt.

Pengale blir deult på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet som bevilgar 30 millionar til fem regionale læringsarenaer som skal møta næringslivets behov for omstilling og utvikling.

– Eg er difor glad for at Rogalan er éin av fem som får denne tildelinga, seier Kambe.

– Næringshagane er viktige for små og mellomstore bedriftar over heile landet. Pengane vil bidra til å møte næringslivets aukande behov for omstilling, seier Thorsen.

Andre prosjekt som får tildelt seks millionar er:

  • Kraftsenter Sør-Trøndelag
  • Næringshagen på Voss
  • Tre næringshagar i Troms
  • Fabrikken Næringshage