F.v.: Pauline Naterstad, trommeslagar Lars Ulrich og Ragnhild Skeie Sunde.
F.v.: Pauline Naterstad, trommeslagar Lars Ulrich og Ragnhild Skeie Sunde.

Metallica fekk omvisning på Baroniet Rosendal

– Dei var veldig interesserte, seier guide Ragnhild Skeie Sunde.

KULTUR: Fredag varta Metallica opp med eit storslagent show for metallglade nordmenn då dei vitja Bergen for andre gang.

Billettsalet til konserten rauk i ein fei, og Koengen var fylt opp til randen med 23.000 publikumarar. Thrash-metalens gudar er heltar hos mange, og kjende for resten…

Men dagen etter konserten tok dei – saman med familiane sine – turen til Baroniet Rosendal for ei kulturell oppleving.

– Det var veldig kjekt. Dei var veldig hyggjelege, flotte, og interesserte, seier guide Ragnhild Skeie Sunde til TV Haugaland.

Ho fekk, saman med kollega Pauline Naterstad, æra å visa rockeheltane rundt på Baroniet.

– Dei stilte litt spørsmål i alle romma, og var generelt interesserte. Men det verka som om dei likte ekstra godt gudemåleria i Den Røde Salen, seier Sunde.

Ikkje alle stjerner er som andre stjerner – ingen primadonnanykker å spora hos Metallica, skal me tru Sunde.

– Neinei, dei var veldig rolege og hyggjelege, seier ho.

Sjølv har ho ikkje eit spesielt forhold til bandet, men ho kjenner sjølvsagt til dei.

– Nei, eg har eigentleg ikkje noko stort forhold til dei, eg kan nokre av songane liksom, men ikkje meir enn det.

Metallica består av James Hetfield (vokalist og andregitarist), Kirk Hammett (gitarist), Robert Trujillo (bassist) og Lars Ulrich (trommeslagar).