Foto: Leonid Mamchenkov/Creative Commons, flickr
Foto: Leonid Mamchenkov/Creative Commons, flickr

– For seksuelt å kysse borna på munnen

Bornepsykolog Charlotte Reznick åtvarar mot å kysse borna på munnen.

Reznik har skrive boka «The Power of Your Child’s Imagionation: How to Transform Stress and Anxiety Into Joy and Success», og problematiserar mellom anna det å til dømes gi god-natt-kysset til ungen din på munnen.

Doktoren meiner det er for seksuelt, og kan skapa forvirring hos bornet, skriv den engelske storavisa The Sun.

Det var Side 2 som omtalte saka på fredag.

Reznick sa til The Sun at ungane kan assosiere kyssing med noko seksuelt eller romantisk mellom foreldra sine, og at dei då kan byrja å lura på kvifor dei oppfører seg slik med ungane sine og.

Ho seier at det kan få ungen til å tenke: «Dersom mamma kysser pappa på munnen og likeins, kva betyr det dersom eg, som ein liten gut eller jente, kysser foreldra mine på munnen.»

Klinisk psykolog Sally-Anne McCormack er heilt ueinig og fortel The Sun at det er absolutt ingen grunn til at å kysse eit born på munnen kan vere forstyrrande for bornet.