IMG_1978

FK Haugesund tapte 4-2

FK Haugesund tapte kampen mot Bodø/Glimt.

Følgande lag starta mot Bodø/Glimt 18.00: Per Kristian Bråtveit, William Troost-Ekong, Martin Bjørnbak, Sverre Bjørkkjær, Filip Kiss, Tor Arne Andreassen, Sad’eeq Yusuf Ahmat, Kristoffer Haraldseid, Christian Gytkjær, Søren Christensen.

1: Kampen er igong.
8: Sad’eeq går knallhardt til verks i ei takling, og blir liggjande i eit par sekund før han hoppar opp igjen.
11: Sad’eeq vinn eit frispark midt på bana.
15: Det står 1-0 til FKH! Måkene kombinerar fint på høgreflanken, før Tor Arne Andreassen får ballen på fem meter etter innlegg frå Søren Christensen og triller ballen bak Pavel Londak.
16: Det tek ikkje meir enn ett minutt før det er likt igjen. Dominic Bashir scorar for Glimt.
24: Daniel Bamberg erstattar Andreassen som må gå av med ein liten skade.
27: Søren Christensen vinn eit frispark om lag 25 meter frå mål.
29: Alexander Sørloth gjer 2-1 for Glimt. Henrik Furebotn sender trøndaren enkelt gjennom aleine med Bråtveit, og Sørloth gjer alt rett og sender ballen inn ved næraste stolpe.
34: Sad’eeq lagar frispark om lag 25 meter frå FKH-buret.
35: Trond Olsen sender ballen knallhardt ein meter over mål.
37: Stor sjanse for FKH. Ulrik Saltnes med ballen sklir i bakerste rekke, Gytkjær er våken og plukker opp ballen, går mot mål og forsøker ein chip – som ender ein meter over mål.
38: Sad’eeq har vore frykteleg svak for FKH i dag og blir bytta ut etter under 40 minuttar spelt. Simon Diedhiou erstattar han.
41: Ny kjempesjanse for FKH! Haraldseid legg inn frå høgre, men innlegget hans går rett forbi Gytkjær som er eit par centimeter frå å nikka ballen bak Londak.
45: Gyt er frampå igjen. Lågt skudd frå om lag 20 meter er på veg inn, men vert såvidt redda av Londak.
45: Det er lagt til tre minuttar.
45+3: Vegard Skjerve legg inn frå høgre til Gytkjær som står heilt aleine på 12 meter. Dansken skyt ballen langt over mål.

PAUSE!

45: Me er i gong etter sidebyttet.
64: Søren viser fram skuddfoten! Skyt på direkten frå om lag 20 meter, men Londak pirker ballen ut til hjørnespark.
65: Men så sit den endeleg for FKH. Bamberg legg inn ein corner, Londak er klumsete i feltet, og ballen ender til slutt opp hos Skjerve som headar ballen i mål via ein Glimt-forvsarar.
68: Diedhiou vinn eit frispark 19 meter frå mål.
69: Godt slått av Haraldseid. Ungguten skrur ballen over mål og Londak må bokse ut til corner.
70: Kjempesjanse for Gyt igjen. Eit innlegg treff hovudet til dansken som stussar ballen like utanfor mål.
72: Og så står det plutselig 3-2 til Glimt igjen. Ein long ball blir slått på ein Glimt-spelar som plutselig er heilt fri ute til venstre. Han fossar innover i bana og legg inn foran mål. Innlegget treff ein uheldig Bjørnbak som scorar sjølvmål mot gamleklubben.
78: Kampens første gule kort går til Glimts Zarek Valentin. FKH vinn eit frispark på 30 meter.
79: Martin Bjørnbak smell ballen i tverrliggaren direkte frå frispark! Gytkjær får den vanskelige returen og sett den langt over mål frå fire meter.
81: Alexander Stølås erstattar Kristoffer Haraldseid.
84: Trond Olsen scorar 4-2. Han kjem aleine med Bråtveit og sett ballen iskaldt bak ungguten.                                                                                                                                                   90: Dommaren bles av kampen og FK Haugesund har tapt tre svært viktige poeng.

FK Hagesund må no kjempa med nebb og klør for å klare å halde seg i divisjonen medan Glimt verkar å klare seg.