Sabi_Sushi_World_Cup_05

Sabi-gründar fjerde best i verda

Under sushi-VM i Japan fekk Sabi Sushi-gründar Roger Asakil Joya ein annanplass på Edomae-delen og ein fjerdeplass i den kreative delen.

Det gir ein fjerdeplass samla.

Fjernar du japanarane frå tevlinga, er Joya verdas beste kokk…

– Eg er audmjuk og kjempestolt, seier Joya.

– Bare det å kvalifisera seg til eit slikt meisterskap er i seg sjølv ein bragd. Me snakkar trass alt om dei beste sushikokkane i verda. Sjølv var eg den einaste frå Skandinavia. Og så går eg altså nesten heilt til topps. Det er ei ubeskrivelig kjensle.

Dette er andre gongen Joya er med i sushi-VM. I fjor blei det ein sjetteplass.

Sabi Sushi har berre vore ope i nokre månadar i Haugesund, men har frå før restaurantar i både Stavanger, Kristiansand og på Bryne.

– Dette betyr enormt mykje for oss, seier kompanjong Njål Gaute Solland i Sabi Sushi.