Skjermdump www.dn.no.
Skjermdump www.dn.no.

Lågaste oljepris sidan finanskrisa i 2008

Fredag kveld noterte oljeprisen seg for rekordlåge 45,06 dollar fatet.

Den 13. januar i år var oljeprisen nede på 45,13 dollar fatet.

Det var verste notering sidan finanskrisa i 2008, då botnnivået var på rundt 33 dollar fatet.

No har oljeprisen altså nådd ein ny botn, ifølge Dagens Næringslivs data. Fredag kveld klokka 19:54 var oljeprisen nede på 45,06 dollar fatet.

Dette er svært dårleg nytt for næringslivsbyen Haugesund, og fredag vart det kjent at Solstad-rederiet måtte seie opp 300 stillingar som følgje av offshoremarknaden som er råka av den låge oljeprisen.

Det er lagertalla frå USA som kom onsdag som er årsaka til fallet.

Oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets sa til TV Haugaland onsdag at fallet i aksjemarknaden i Kina òg er ein medverkande årsak.