Screen Shot 2015-08-21 at 16.19.26

Er midtbanekrigaren like hard på innsida?

– Eg skal ikkje skuffa fansen, fastslår FK Haugesunds nye midtbanemann, Filip Kiss.

FOTBALL: Denne veka signerte FKH sin defensive midtbanespelar dei har jakta på i lengre tid. Filip Kiss frå Slovakia har gjort seg bemerka som ein krigar på bana som ikkje har vondt for å trø hardt i taklingane.

Er du like tøff på innsida som du verkar på bana?

– Eg trur ikkje det. Eg er ein vennleg type og kjem godt overens med folk. Eg beheld smilet og nyt livet, smiler Kiss til TV Haugaland.

– Folk skal få dømma meg etter dei har sett meg spela, eg skal ikkje skuffa dei, slår Kiss fast.

Vidare fortel han at han er ein defensiv midtbanespelar som òg bekle andre roller, og at han likar å gå framover på bana og skyta frå distanse. Men hovudoppgava hans ligg i å hjelpa den bakre firaren.

Slovaken står oppført med åtte landskampar so longt.

– Det er utruleg stort, det er ein god erfaring og eg såg alltid fram til kampane for landslaget. Eg håpar på fleire kampar, laget gjer det bra og eg håpar at me til slutt kan nå heilt til VM.

Kiss ler når Tribunefeber konfronterar han med den tøffe spelestilen hans og at det ser ut som om han skal bli utvist kvar gong han entrar grasmatta.

– Eg er hovudsakleg ein defensiv spelar, men er ikkje redd for å gå inn i taklingar.