FOTO: selskapets hjemmeside
FOTO: selskapets hjemmeside

300 må gå i Solstad-rederiet

Inntil ti nye skip risikerar å stå utan oppdrag.

NÆRSINGSLIV: – At me måtte sei opp så mange som 300 såg me kanskje ikkje før seint, men me har allereie tidlegare i år sagt opp 60-70 tilsetje. Me indikerte òg til dei tilsetje at det kunne koma ytterlegare kutt, seier administrerande direktør i Solstad-rederiet, Sven Stakkestad.

Det er Haugesunds Avis som først omtalar saka.

Det er inga hemmelegheit at offshoremarknaden er i ein kritisk situasjon som følgje av den låge oljeprisen. Det får supply- og ankerhandteringsbåtane på Solstad merka.

– Marknaden har vore dårleg og det har berre haldt fram slik. Det er rett og slett ikkje jobb for båtane, seier Stakkestad.

Og direktøren har ikkje tru på eit betre 2016. Det er grunnen til at dei har vald å sei opp – og ikkje permittere – dei tilsetje.

– Grunnen til at me har vald å sei opp istadenfor å permittere, er me trur at dette vil vedvare gjennom 2016.

Til saman – før det seinaste kuttet – er det 1600 tilsetje i rederiet. No er det berre 1300 igjen.