Mange studentar manglar både kunnskap og vissheit om grunnleggjande branntrygleik. Det lokale brannvesenet vil difor treffe studentane og formidla eit viktig bodskap om branntryggleik.
– Ein kan nok stilla spørsmål om kvifor vissheiten er så lå blant studentar, men mange ha flytta inn i eigen bustad for første gang, kjem frå mor og far som har teke seg av slikt, seier Fonnes til TV Haugaland.
I samband med semesterstart tar brannvesenet sikte på å treffa mange studentar for ein prat om branntryggleik i studentbustadar. Dette vil skje på infomessa på HSH i Haugesund tysdag 25. august kl. 10:00-11:15.
– Det viktigaste ein må sørga for er at ein har ein fungerande røykvarslar, seier Fonnes i pressemeldinga.
Fonnes meiner at studentane kanskje er ekstra utsett med tanke på matlaging på nattestid og liknande.
– Me håpar det at studentane kan gå heim og sjå over branntryggleiken sjølv og at dei blir gjort bevisst på ting som dei skal ha i bustaden og at dei då sjekker røykvarslaren og har batteri samt held rømningsvegen i orden.