Tanya Solland Johnsen. Foto: Privat.
Tanya Solland Johnsen. Foto: Privat.

Tanya (17) donerte vekk 40 cm av håret

Det byrja med ein spøk frå mor. – Då ho tulla, kom det eit ja umiddelbart, seier Tanya Solland Johnsen.

Ikkje alle ungdomar er like. Det er Tanya Solland Johnsen frå Tysvær eit godt bevis på.

Medan nokre jenter går til frisøren og fiksar håret sitt opp til fleire gongar i månaden, valde ho å klippa 40 centimeter av håret sitt til fordel for parykkar, som kan nyttast av personar med hårsjukdomar og kreft.

– Eg gjorde det fordi det er folk som slit med hårsjukdomar eller kreft. Det er jo mange som klipper mykje av håret sitt likevel, og då synes eg det er like greit å gi det til nokon som treng det, seier Solland Johnsen til TV Haugaland.

Foto: Privat.

Foto: Privat.

Det byrja med ein spøk frå mor, og blei fort alvor.

– Det byrja eigentleg med at mamma tulla om det. Eg kan ikkje gjere andre donasjonar – som til dømes bloddonasjonar – fordi blodet mitt er ikkje heilt bra.

– Det var eigentleg ikkje ei vanskelig avgjerd. Då mamma tulla om det, tenkte eg «ja» med ein gong.

Ho tok om lag 40 centimeter av håret, og tilbakemeldingane har kun vore av det gode slaget.

– Mange seier det er fint, og folk synes det er bra. Eg kjenner ei som har kreft, og ho synes der var utruleg fint gjort.

– Eg oppmodar alle til å gjere dette, seier ho vidare.

Foto: Privat.

Foto: Privat.