Skjermbilde 2015-08-04 kl. 14.40.52

Kantspelar på veg til FKH?

Nigeriansk vidunderbarn er på veg til FKH, ifølge nigeriansk journalist.

Men ifølge dagleg leiar i FKH, Eirik Opedal, vil ingenting bli offentleggjort i dag.

– Me ser etter ein angrepsspelar, men ingenting vil bli offentleggjort i dag, seier Opedal.

Difor kan det verka som om rapporten om at den 18 år gamle kantspelaren, Adamu Abubakar, stemmer.

– Eg høyrer at det nigerianske vidunderbarnet Adamu Akubakar har signert for FK Haugesund, skriv Lawal på Twitter.

Det var AllNigeriaSoccer som først meldte om det på Twitter.

https://twitter.com/Editor_ANS/status/633651621105418240

Nigerianske kjelder seier ifølge TV Haugalands fotballekspert, Runar Nordvik, at FKH vant drakamp mot mellom andre Herenveen, og at han vil signere ein fireårskontrakt.

TV Haugaland har ikkje lukkast i å finna ytterlegare informasjon om ein kantspelar ved navn Adamu Abubakar. Einaste ein finn er ein målvakt som heiter det same – som har vore med Nigerias U20-landslag.

Så inntil vidare, bør ein ta ryktene med ei klype salt.

Overgangsvindauget stenger ved midnatt tirsdag.