BØRNING: Logoen Iversen Skog designa.
BØRNING: Logoen Iversen Skog designa.

Iversen Skogen bemerkar seg med filmlogoar

Iversen Skogen Reklamebyrå har designa logoen til den prisvinnande filmen «Børning».

– Det er stas det – men me skal ikkje ta på oss æra for prisane, ler kreativ leiar i byrået, Stian Iversen.

Iversen Skogen har gjort seg bemerka på austlandet og designa ei rekkje filmlogar dei siste åra. Børning, Victoria, Max Manus og Elias-filmane er døme på filmar dei har laga logo til.

– Det betyr mykje. Det er synlege ting, og så er det litt kjekt at me som bur i Haugesund gjer oss bemerka på austlandet.

BØRNING: Logoen Iversen Skog designa.

BØRNING: Logoen Iversen Skog designa.

Kva er det som gjer at dei vel akkurat Iversen Skogen?

– Me har gjort mange plakatar for filmfestivalen i Haugesund og liknande ting. Dei har rett og slett  berre spurd kven som har laga, og så henvendt seg.

– Det er nok òg på bakgrunn av andre ting me har gjort for festivalen, og at dei har vore fornøgd med det me har laga.

Filmen Børning – som dei designa logoen til – har vunne prisane «Beste norske kinofilm», «Folkets Amanda», «Beste lyddesign» og «Beste mannlege birolle» (ved Henrik Mestad).

I tillegg står dei bak sjølve festivalplakaten, samt dei nye Walk of Fame-steinane i Haraldsgata som Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner denne veka var dei første til å bli hedra med.