FOTBALL: Ein solid tredjeplassering i fjorårets tredjedivisjon førte til visse forventningar til årets sesong i same divisjon for Kopervik.
Resultata har imidlertid uteblitt, og klubben har no avslutta samarbeidet med trenar Tore Emberland, som følge av dei svake resultata.
Ståle Hetland overtek som trenar for klubben.
Hetland er i dette øyebill oppteken med si første trening med klubben, og ikkje tilgjengeleg for ein kommentar.
Assistenttrenar Kjell Larsen forlet òg klubben og er ferdig med umiddelbar verknad.