SPILLEKLAR: Sadeeq-Yusuf  er spillerklar.
SPILLEKLAR: Sadeeq-Yusuf er spillerklar.

Desse overgangane skjedde i sumar

Få full oversikt her.

FOTBALL: Nokre måtte ta farvel, andre kom inn portane i tidsperioden 22. juli til 18. august…

FK Haugesund har hatt ein tung vårsesong – med ein noko meir oppløftande sumar – og supportarane har skrike etter forsterkningar, og då mest på midtbana.

Diverre måtte den svært talentfulle midtbanespelaren Patrick Olsen ta farvel med FK Haugesund då han forlot like før vindauget opna. Og sidan har dette skjedd:

Inn:

  • Filip Kiss, frå Cardiff (lånekontrakt til neste sumar)
  • William Troost-Ekong, frå Gent (lånekontrakt ut sesongen)
  • Sad’eeq Yusuf Ahmat, frå Gent (lånekontrakt ut sesongen)
  • Torbjørn Agdestein, tilbake frå lån hos Kristiansund BK
  • Sverre Bjørkkjær, tilbake frå lån hos Åsane
  • Adamu Abubakar, frå GBS Academy (kontrakt til 2019)

Ut:

  • Patrick Olsen, fristilt frå kontrakt
  • Roope Riski, til SJ Seinäjoki (lånekontrakt ut sesongen)
  • Dusan Cvetniovic, utlån til Lens
  • Tor André Skimmeland Aasheim, til Breidablik

I tillegg er det verd å nevna at sportssjef Asbjørn Helgeland gjekk av i byrjinga av august.