Kvart år reiser Engelsen Bygg as sine tilsette på velferdstur til forskjellige mål. I år gjekk turen til Noregs høgaste fjell 2469 meter over havet, Galdhøpiggen.
-Me hadde buss frå Sveio og Stord som tok oss til Skjolden Resort innerst i Sognefjorden. Dette vart basen vår og utgangspunktet for turen opp på fjellet fredagen, fortel Martha H. Brandvik. Følget gjekk frå Juvasshytta over Styggebreen og vidare opp til sjølve «piggen».
-Me hadde skyfri himmel og sol heile vegen. Ein flott tur som er med på å styrke samhold og sosialt nettverk for alle i Engelsen Bygg as, legg Brandvik til. Ho peiker på at fokus på kjekke opplevingar og fysisk fostring er nokre av det som vert vektlagt hjå Engelsen Bygg as sine velferdsturar.
-Kvart år har me med oss forskjellige leverandører. I år var Optimera as, Monter, Glava og Gyproc med oss, sier ho og takker samstundes turleiarane Per Steinar Leirvik og Vidar Lillevik for flott turopplegg.