Illustrasjonsbilde.
Illustrasjonsbilde.

Syklist henta av luftambulanse

Sykkelkollisjon i Tysvær.

Det skriv politiet på Twitter.

– Politi og ambulanse på veg til Aksdal kor det er melding om to syklistar som har kollidert. Mulig alvorleg skade på den eine syklisten, skriv politiet 19:55 mandag kveld.

– Ein av syklistane henta av luftambulanse. Ukjend skadeomfang, skriv dei 20 minuttar seinare.

Operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Tore Frøyland Jensen, seier følgjande til TV Haugaland:

– Der er det to syklistar som har køyrd inne i kvarandre. Den eine har ramla og blitt skada, og blir frakta til Stavanger med luftambulanse.

Begge involverte er frå Haugesund.

– Nøyaktig kor skada han er veit eg ikkje, men helsepersonellet tok ei vurdering på staden om at han skal i helikopter, og ikkje med bil, seier Frøyland Jensen.