DEBUT?: Martin Samuelsen kan få sin debut for Norge under lturneringen i Portugal neste uke. Foto: West Ham United
DEBUT?: Martin Samuelsen kan få sin debut for Norge under lturneringen i Portugal neste uke. Foto: West Ham United

Samuelsen tilbake frå skade

Spelte ein time for West Ham sitt U21-lag som tapte 1-2 for West Bromwich.

FOTBALL: – Eg hadde ein liten strekk i leggen, men eg fekk ein time for U21-laget i dag, fortel Martin Samuelsen på telefon frå aust-London til TV Haugaland.

– Taklar eit høgare nivå

Samuelsen har gjort sakene sine svært bra for a-laget til West Ham sidan han signerte i sumar, og verkar å vere nær ein Premier League-debut.

– Det er ikkje opp til meg, men ut frå kampen i dag så har føler eg at eg kan takla eit nivå høgare [enn U21 Premier League], seier Samuelsen vidare.

– No handlar det om å koma tilbake og bli frisk.

– Over godkjend

Og Samuelsen er nøgd med egen innsats for Terry Westley – som har trenaransvaret for «West Ham Development Squad».

– Det var over godkjend, eg merka på kroppen at eg ikkje har spelt på ei god stund, men eg hadde gode involveringar offensivt og hadde eit skudd som sneia stolpen i første omgang. Det var litt stang ut både for meg og laget, fortel ungguten frå Haugesund.

– Veldig imponerande