Screen Shot 2015-08-17 at 12.01.42

– Det meste gjekk gale

Ein svært skuffa Tor Arne Andreassen møtte TV Haugaland dagen etter kampen på Isachsen Stadion.

– Kva gjekk gale?

– Det meste, eigentleg. Me var ikkje gode nok og fortente ei heller poeng, svarar Tor Arne Andreassen.

«Tori» blei plassert på backen søndag, medan Kristoffer Haraldseid tok plass sentralt, og spelte alle 94 minutta – heilt til Mjøndalen fekk snudd til 2-1.

– Det er dei suraste tapa, når det siste som skjer er at ballen går i mål. Men me fortente ikkje meir, me hadde flaks som ikkje tapte med større siffer, for dei hadde mykje større kjangsar, fortel Andreassen.

Vidare understrekar Andreassen at resten av sesongen forblir ein kamp mot nedrykk – som det har vore sidan dag éin, ifølge veteranen.