Foto: Marie Engelsen Launes, Wärtsilä
Foto: Marie Engelsen Launes, Wärtsilä

Heftig bemanningskutt på Wärtsilä Fitjar

Men direktør i Wärtsila Ship Design, Ove Wilhelmsen, ser andre moglegheiter enn offshorenæringa.

NÆRINGSLIV: I ei pressemelding torsdag kjem det fram at Wärtsila Ship Design på Fitjar må kutta 30 årsverk som følge av den låge aktiviteten på oljemarknaden.

– Wärtsilä Ship Design har den siste perioden opplevd ein kraftig reduksjon i investeringsaktiviteten i marknaden, spesielt innanfor offshoresegmentet, som eit resultat av den låge oljeprisen. Som følgje av marknadssituasjonen planlegg Ship Design nå å gjennomføre ein restrukturering av organisasjonen sin, og å sikra lønsemda gjennom meir fleksibel og effektiv drift, står det i presemeldinga.

Dei går altså frå 75 tilsetje til 45.

– Meir langvarig enn me trudde

Krisa i oljemarknaden held fram, og DNB-analytikar Torbjørn Kjus fryktar at oljeprisen kan synka heilt ned til 30 dollar fatet i 2016, ifølge Dagens Næringsliv.

– Eg trur at dette fallet me ser no er djupare og meir langvarig enn me først tenkte, og eg trur den er verre enn det me såg i 2008, seier Wilhelmsen til TV Haugaland.

– Men samstundes trur eg det er ei framtid, me ser ei ganske stor investering i andre delen av framtida, me snur oss jo rundt og gjer ting på fiskeri-, ferje- og vindkraftmarknaden. Me ser aktivitet i marknaden, men på offshorenæringa vil det nok ta lang tid før det er tilbake til der den var, held han fram.

Vart informert tidlegare i sumar

Midtveis i juli sendte Wärtsila ut ei pressemelding om at dei ville seie opp rundt 600 stillingar globalt, og Wärtsila på Fitjar vert òg råka av kuttet.

– Det er jo marknaden som har vore tøff i forholdsvis lang tid, spesielt på offshoresida i nybyggingsaktivitet. Me har vore i ei permitteringstid som går mot slutten, og me har informert dei tilsetje. I Wärtsila gjekk dei jo globalt ut og informerte om store kutt.

Wilhelmsen fortel at dei tilsetje allerede var informert om kutta.

– Dette kom ikkje som ei overrasking, dette visste me kom til å skje, og dei vart informeret på forsumaren. Me har jo hatt nokre naturlege avgangar, som til dømes nokre som går av med pensjon, seier han.

Det er på ei annan side håp for nokre av dei som mista arbeidsplassen sin.

– Me prøver å få omplassert nokre av dei.