rogerfinjord

Avaldsnes-jenter får moroklump til landslagssjef

Even Pellerud går av som landslagssjef, og blir erstatta av assistenttrenar Roger Finjord.

FOTBALL: Du såg han kanskje under Kraftjazzen førre veke, kor han utgjorde ein særs likande figur som ein del av debattpanelet som besto av Jostein Grindhaug, Tom Nordlie, Davy Wathne og Finjord.

No blir nordlendingen hovudtrenar for landslaget, og dermed får Avaldsnes-jentene Maren Mjelde og Elise Thorsnes ny trenar.

Finjord har fungert som Pelleruds assistent sidan dei blei tilsett desember 2012.

– Eg er voldsomt stolt over å leia eitt av dei to store flaggskipa i norsk fotball. Eit flaggskip som skal ut i nye farvatn og har inderleg lyst til å lukkast, seier Roger Finjord når han blir presentert.

Sjå Finjord sjarmera Haugaland-publikummet i videovindauget over.