INGEN CUPFINALE: Det blir ingen cupfinale på HHK-trener Kristoffer Froestad dette året. ARKIVFOTO
INGEN CUPFINALE: Det blir ingen cupfinale på HHK-trener Kristoffer Froestad dette året. ARKIVFOTO

HHK signerer lokalt stortalent (19)

Jon Robertson er klar for Haugaland Håndballklubb.

HANDBALL: Haugaland Håndballklubb bér preg av store utskiftningar i stallen, og mista etter sesongslutt i vår viktige spelarar.

Styret har ikkje vore på latsida i sumar, og har forsterka i fleng. Patrick Bols (dansk), Steffan S. Christensen (dansk), Adrian Wolf (svensk) og Sebastian Andersson (svensk) er som kjend allereie klar for klubben.

Berre utlendingar der, altså. I tillegg er det kun utlendingar frå førre troppen førre sesong som blir med vidare. Martin Christensen (dansk), Ian Seistrup (dansk) og Olli-Pekka Korpimäki (finsk).

Men no signerer Haugaland Håndballklubb lokale Jon Robertson frå Avaldsnes IL.

Han var med i HHK sin A-tropp førre sesong, men var ikkje på kontrakt på det tidspunkt.

– Han er eit kjempetalent og har utvikla seg veldig mykje dei siste to åra. Han er ein venstrehendt høgrekant, og har vore med på regionalsamlingar dei siste åra, fortel sportsleg leiar i HHK, Ólafur Gíslason til TV Haugaland.

– Han var ettertrakta av nokre klubbar i Rogaland i sumar.

Jon Robertson (i midten). Foto: Frank Færaas/facebook

Jon Robertsen (i midten). Foto: Frank Færaas/facebook

– Jobbar med fleire signeringar

Er det fleire på veg inn?

– Me jobbar med fleire no, men det er for tidleg å gå ut med nokre navn, svarar Gíslason.

Tap for Stord i treningskamp tysdag

HHK starta oppkøyringa til sesongen, som startar 19. september, førre mandag. I helga spelte dei treningskamp mot Viking (uavgjort), og tysdag kveld tapte dei 20-24 mot Stord på Vikahaugane.

Ettersom hovudtrenar Kristoffer Froestad er på samling som trenar for ungdomslandslag, er det assistenttrenar Andreas Justesen som leiar HHK mot Stord.

– Me spelar ein ganske ok kamp, me fekk jobba med mange fine situasjonar i forsvarsspelet, som har vore det store fokuset så langt i oppkøyringa, fortel Justesen til TV Haugaland.

– Dertil kom fine prestasjonar frå Martin (Christensen) og Patrick (Bols) i mål. Ian (Seistrup) og Olli(-Pekka Korpimäki), som blir viktige i år, går framføre i angrep, kor dei to unge gutane Stian og Jon (Robertsen) jobbar godt.

– Alt i alt ein ok kamp, og veldig bra trening for oss, oppsummerar Justesen.

Usikker på sesongen

Førre sesong endte HHK på ein skuffande 8. plass, berre fire poeng frå nedrykksplass.

Gíslason ynskjer naturlegvis å betra tabellposisjonen frå i fjor, men fortel at dei ynskjer fleire signeringar før dei set seg ei konkret målsetjing.

– Det er for tidleg å sei noko. Me treng minst to spelarar til, seier han.