brannbil

Brann i Kopervik

Store skadar på ein einebustad.

Det skriv Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt på Twitter.

– Det har vore brann i ein einebustad av ukjend årsak, seier operasjonsleiar Rune Plassen til TV Haugaland.

Vidare opplyser han om store skadar på bustaden.

Me har ingen formeining om kva som kan vera årsaka til brannen. Me skal gjennomføra ei åstadsundersøking først, seier han.