Screen Shot 2015-08-07 at 16.53.53

– FKH varierar frå det geniale til det dårlege

Men Aalesund FK-trenar Trond Fredriksen spår jamn affære på Haugesund Stadion søndag.

FOTBALL: – Det blir nok som alle andre tippeligakampar, ein jamn affære, der spelet kjem til å bølga fram og tilbake, seier Fredriksen.

Vidare seier han at dersom tangotrøyene er gode på det dei er best på, har han tru på at dei kan ta med seg alle tre poenga frå Grindhaug & co.

– Me er nødt til å tru på det med held på med, og ha trua på dei ferdighetane me har, og dersom me klarar å utnytta ferdighetane me har, er me eit betre lag i vår auge, seier han vidare.

Vidare seier han at FKH tidvis varierar frå det geniale til det dårlege.