runarnordvik

– Vanskelig å erstatta Dusan

Tribunefeber-ekspert, Runar Nordvik, seier FK Haugesund mister ein leiartype i Dusan Cvetinovic.

FOTBALL: Mandag kveld blei det kjent at FKH signerte ny kontrakt med den serbiske midtstopparen Dusan Cvetinovic, før dei umiddelbart leigde han ut til franske RC Lens.

Det er ein stor nedtur for FKH, både sportsleg og utanfor bana, meiner Nordvik.

– Éin ting er kva Dusan betyr utanfor bana, han har vore ein publikumsyndling og eit fint ansikt utad, seier han til Tribunefeber.

Men han har òg vore ein svært viktig spelar ute på bana.

– Han har alltid vore ein spelar som har pumpa mykje energi inn i resten av spelargruppa, seier han.

Nordvik trur det blir vanskeleg å finna ein erstattar i Noreg til ein overkommeleg pris, og trur FKH må sjå utanlands.