HAUGESUND: TV Haugaland sender direktesendt frå Festiviteten når debatten «Den nye pasientrollen» startar 14:30 i Festiviteten. Planen var at Frank Aarebrot skulle leia debatten.
Men tirsdag fekk TVH den triste beskjeden om at Aarebrot knakk foten mandag, og må melda avbod til debatten.
Les òg: Vi sender direkte frå festiviteten.
– Det kokar jo alltid når slikt skjer, det er mykje som må på plass. Me hadde eit lite luksusproblem, og hadde mange å velja mellom då me skulle finna ein erstattar, seier leiar i Stiftelsen Folkets Gave, Synnøve Gudmundsen.
Valet endte på Jan Grund, professor i helseleiing ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Campus Kristiania.
– Han kjenner òg politikken svært godt, fortel Gudmundsen vidare.
Ho meiner ikkje Grund er eit steg ned frå Aarebrot.
– Nei, det er det ikkje. Grund er utruleg dykt, om ikkje lika energisk som Aarebrot.