Høgskolen Stord Haugesund
Arkivfoto

Haugesund 25. best i landet

Næringslivets hovudorganisasjon kårar kvart år landets beste kommunar. Både Stord og Haugesund scorar godt.

Sola tronar på topp som Noregs beste kommune, medan Stord er best i regionen på 20. plass, og Haugesund på 25. plass.

Det er Dagens Næringsliv som skriv om saka mandag morgon.

Det som dreg opp for Haugesund er kompetansenivået – heile 7,2 prosent av innbyggjarane er sysselsatt med minst fira års høgare utdanning. 16.6 prosent er sysselsatt med bestått fagprøve.

Det som dreg litt ned – og kor dei er på 93. plass i landet – er på arbeidsmarknaden, med ein sysselsetningsandel på «berre» 89.7 prosent.

Dette er tredje år på rad Haugesund havnar på 25. plass, men var til samanlikning oppe på 21. plass i 2009. I mellomtida har det vore tre 25. plassar, éin 28.- og ein 26. plass.

Heile regionen:

  1. Stord (20. plass)
  2. Haugesund (25. plass)
  3. Tysvær (41. plass)
  4. Vindafjord (45. plass)
  5. Bømlo (62. plass)
  6. Karmøy (63. plass)
  7. Fitjar (73. plass)
  8. Etne (133. plass)
  9. Suldal (139. plass)
  10. Sauda (143. plass)
  11. Sveio (185. plass)
  12. Tysnes (191. plass)
  13. Bokn (192. plass)
  14. Odda (197. plass)
  15. Kvinnherrad (199. plass)
  16. Utsira (393. plass)