Skjermbilde 2015-07-31 kl. 10.15.01

Ekong speleklar

Mogleg startplass mot Viking.

Den nysignerte midtstopparen William Troost-Ekong blei av trenar Jostein Grindhaug bekrefta ikkje klar mot Viking-kampen som blir spelt fredag kveld.

No kjem imidlertid kontrabeskjed. FKH.no skriv på sine heimesider at den nigerianske landslagsspelaren er klar for Viking.

– Det har blitt jobba på spreng med å få i orden papira fra Ekongs tidlegare klubb i nederland i samband med signeringa for Gent nyleg, og det er der som har teke tid. Men alle partar har jobba hardt for at det skulle gå i orden, og heldigvis så er det i orden no, skriv FKH.no på sine heimesider.

Då gjenstår det å sjå om stortalentet blir å sjå i startoppstillinga på Viking Stadion fredag kveld.