ØKONOMI: Prisen på råvarene ser for tida ein kraftig nedgong, og nærmar seg prisnivået dei låg på under finanskrisa i 2008. Gullet har stått som den einaste som ikkje har vorte betydeleg rørt. Men no er den òg på veg ned.
– Gull har vore «last man standing», medan andre råvarer har komen ned på nivået tilsvarande før finanskrisa i 2008, seier analysesjef for råvarer, Bjarne Schieldrop i SEB, til Dagens Næringsliv.
På månadsbasis er gullprisen gått ned 7,5 prosent – og berre den siste veka har den gått ned fire porsent. Tirsdag var gullprisen på 1108 dollar, ifølge avisa.
Den varsla rentehevinga i USA er eit godt eksempel på betre tider i vente. Difor vel investorane å investera i andre marked.
– Når me i auka grad legg finansikrisa bak oss og får normalisering av globale renter og aktivitet, så bør gull gjere det òg, meiner Schieldrop.
Han håpar å få gullprisen ned til rundt 800 dollar per unse. Men det kan ta tid, seier han.