150720 TF.00_02_20_05.Still031

Blanda kjensler etter Kristiansund-opphaldet

Og Christian Gytkjær er taus om Molde/RBK-ryktene. Sjå tirsdagens Tribunefeber i si heilhet her.

FOTBALL: Torbjørn Agdestein har sidan april vore på utlån frå FK Haugesund til Kristiansund på Nordmøre.

Det har vore godt å endelig å kjenna på det å vere ein viktig del av eit lag, seier Agdestein, men legg til at det ikkje berre har vore ein dans på roser i førstedivisjonsklubben.

Vil spela seg inn på førstelaget

– Alle treningane var på kvelden, og medan resten av laget jobba på dagtid, blei dagane lange for meg.

– Eg har jo familien her i Haugesund, seier Agdestein, og legg til at han no er motivert for å spela seg inn på førstelaget til Haugesund.

Kommenterer ikkje ryktene

Christian Gytkjær vart denne veka linka til Rosenborg og Molde av danske Ekstra Bladet, men er taus ovanfor TV Haugaland.

– Det kan eg ikkje sei så mykje om, seier Gytkjær.

Dansken, som har vore og besøkt kjente og kjære i heimlandet Danmark, samt på ein liten hyttetur i Sverige, fortel at det har vore godt med eit lite avbrekk.

– Men no gler me oss til å koma igong igjen, seier han.

– Blir ein tøff haust

Dei fekk ein flott inngang på den korte ferieperioden med tre poeng mot Molde fredag for to veker sidan. Men Grindhaug er klar på at det må kjempast med nebb og klør.

– Det blir ein tøff haust for oss, litt som fjoråret, litt det same utgangspunktet, fekk ein viktig trepoengar no sist.

– Var godt å ta den med seg inn mot kampane mot Stabæk og Viking. Det gir oss sjølvtillit – det treng me, seier Jostein Grindhaug.