Foto: Nettbuss/flickr
Foto: Nettbuss/flickr

Nettbuss kuttar Stavanger-Bergen-ruta

– Det var for dårleg økonomi i produktet i ruta, seier presseansvarleg i Nettbuss, Dag Bones, til TV Haugaland.

REISELIV: Ruta, som har vore oppe og gått sidan 2011 blir køyrd for siste gong 1. september, som følgje av låg pågong, skal me tru pressesjef i Nettbuss, Dag Bones.

– Me har komen til konklusjonen som følgje av for dårleg passasjergrunnlag, seier Bones, og held fram:

– Prismessig varierer me, me har jo nettprisar. Så bestiller du i god tid i forvegen får du billigare billettar, men jo nærare du kjem avreisetidspunkt vil du få meir normale prisar.

Skuldar på oljeindustrien

– Det har blitt værre med tida.

PRESSESJEF: Dag Bones. Foto: Nettbuss/flickr

PRESSESJEF: Dag Bones. Foto: Nettbuss/flickr

Bones trur at oljenedgangen kan vere ein årsak til lågare trafikk.

– Det har vore ei jamn og fin utvikling, men så kom det ein nedgong i marknaden som følgje av nedturen i oljeindustrien på vestlandet, som igjen har påverka oss. Det er kun på vestlandet vi har merket denne ned gangen, vi har ingen planer om å legge ned andre ruter.

Opnar for gjennomppretting

Ein skal ikkje sjå vekk frå at ruta kjem tilbake att.

– Me har ingen konkrete planar om å starte opp ruta igjen, men me vurderer fortløpande rutetilbodet for heile ekspressbussverksemda.