16001495863_32b9f3259a_o-900x444

Dagens avtale på Helganes er lovlig

Avtalen mellom Lufthavnutbygging AS og Avinor fram til 2018 er på plass.

KARMØY: Ifølgje NRK har EFTA skrinlagt saken om ulovleg statsstønad på Haugesund lufthavn.

Overvåkningsorganet ESA satte i vinter igang ei forundersøking for å sjå kor vidt det var naudsynt å undersøkja vidare. Statskanalen opplyser om at undersøkjinga er avslutta, og at EFTA legg vekk saka.

– Forundersøkinga ga ikkje grunn til å gå vidare med ein mer intensiv og formell gransking av saka, seier ESA-direktør Gjermund Mathisen til NRK.

– Alt ligg til rette for ny avtale for å sikra gode utanlandsflyvningar òg i framtida, seier stortingsrepresentant frå Høyre, Arve Kambe, til TV Haugaland.

Mistanken om ulovleg stønad var i samband med avtala mellom Avinor og LUB. For 12 år sidan finansierte det lokale selskapet rullebaneforlengelinga på Helganes for å leggja til rette for utanlandstrafikk på flyplassen.

– No har me det me treng for å leggja til rette for offentleg og privat samarbeid for utvikling av reiselivet i regionen, sier Kambe.

Denne saka har høg prioritet hos Kambe.

– No må me koma igong med arbeidet for å lysa ut ny avtale etter inneverande avtale utløper. – Dette blir sak nummer en for meg etter ferien, sier Kambe.