Norges fineste badestrand.
Norges fineste badestrand.

Terningkast seks til Åkrasanden

Dagbladet kåra onsdag Åkrasanden til Noregs finaste strand. Me tok turen til Åkra for å høyra med innbyggjarane.

KARMØY: – Dette er ikkje Karibia, men på Karmøy i Rogaland, er overskrifta Dagbladet nyttar i si onsdagsutgåve. Saken har fått ei dobbeltside, samt ein notis på framsida.

Me tok i den samanheng turen ut til AMFI Åkra for å høyra med kva dei lokale synes.

– Det er vel ein sydensand der, som dei seier, kjem det frå ein Åkrabu som nyt ein kopp kaffe på kafé.

– Eg har eit kjempegodt forhold til Åkrasanden, eg har gått der sidan eg var liten, seier Ruth Henny Hemnes, som jobbar på Nille på senteret.

Norges fineste badestrand.

Norges fineste badestrand.