camping

Ferieglade nordmenn i Grindafjord

Både små og store kosar seg på Grindafjord Feriesenter.

FERIE: Det kan sjå ut til at me må venta litt før finvêret kjem tilbake for fullt, men på Grindafjord er det likevel ferierande nordmenn.

– Me trivst, me har vore her i to dagar. Me har tenkt oss til Preikestolen, men me ser korleis vêret blir, fortel ferierande Ingrid Nymark Rasmussen.

Ikkje berre turistane kosar seg på Grindafjord.

– Det er kjekt å jobba her fordi eg treffer mykje folk, seier Henrik Dybdahl, resepsjonist på Grindafjord Feriesenter.