Dette bildet er tatt fra Stavasand mot moloen på Ferkingstad. Foto: Olav Kristian Falnes
Dette bildet er tatt fra Stavasand mot moloen på Ferkingstad. Foto: Olav Kristian Falnes

Nord-Rogaland hardest rammet av «Nina»

Fylkesmannen i Rogaland har utformet en evalueringsrapport av ekstremværet «Nina» som rammet vestlandskysten i begynnelsen av januar. Konklusjonen er at konsekvensene ikke ble så store som en kunne frykte.
Foto: Olav Kristian Falnes

Fylkesmannen i Rogaland har utformet en evalueringsrapport av ekstremværet «Nina» som slo inn over vestlandskysten i begynnelsen av januar. Konklusjonen er at konsekvensene ikke ble så store som en kunne frykte.

Fylkesmannen har samlet inn rapporter fra alle kommunene og de regionale etatene som hadde størst utfordringer i forbindelse med stormen som traff Rogaland den 10. januar, og gjort en helhetlig evaluering. De slår fast at uværet førte til flest skader i Nord-Rogaland, samt at strøm- og telefonbrudd skapte de største problemene. Aller verst gikk det ut over Tysvær.

Sterkeste storm siden 1994

Hensikten med rapporten er å ta lærdom slik at en kan være bedre forberedt neste gang et tilsvarende ekstremvær kommer. Hovedpunktene i evalueringen er at det fortsatt kan bli bedre samhandling mellom de ulike etatene, og at enkelte kommuner bør oppdatere rutinene sine for å være bedre rustet.

I rapporten står det blant annet at «‹Nina› er ein av dei fem sterkaste stormane med vestleg eller nordvestleg vindretning dei siste 60-70 åra, og sist gong det blei målt like sterk vestleg vind var i 1994.»

Videre skriver Fylkesmannen at det på «det meste var om lag 15 000 husstandar utan straum i fylket. Av desse var 12 000 i Nord- Rogaland. Det var og nordfylket som hadde mest problem med telesambandet. Halvparten av Telenor sine basestasjonar i Tysvær var ute av drift samstundes, og Bokn av utan breiband og fasttelefon. Det vart og rapportert om feil i Karmøy, Haugesund og Vindafjord.»

Konsekvens og læring

Fylkesmannen oppsummerer på følgende måte:

« Ekstremvêret Nina førte ikkje til store konsekvensar i Rogaland. Som vanleg er straumnettet utsett når det er sterk vind, og når straumen er borte blir det problem med telesambandet. Kommunane Karmøy, Bokn og Tysvær vart mest råka av dette. Utfalla var mest omfattande i Tysvær. Ein god del bygg (både offentlege og private) fekk skadar av vinden. Det same gjeldt småbåthamner og mindre båtar. Dei to øykommunane utan fastlandforbinding (Kvitsøy og Utsira) var isolerte under uvêret grunna innstilling av ferja. Det er dei vane med, og det førte ikkje til kritiske situasjonar. Då både Karmsund bru og undersjøisk tunnel frå Karmøy til Fosen og Tysvær (T-sambandet) var stengde samstundes, var det ein periode ikkje mogleg og komme seg til og frå Karmøy. Det var likevel mogleg for naudetatane og anna viktig transport å bruke den undersjøiske tunnelen. Tunnelen blei å opna for kolonnekjøring etter ei tid. Mange trær blåste ned og stengde vegar, gangstiar og turløyper. Vegane blei raskt opna igjen etter at kommunane, brannvesen og vegvesenet sine entreprenørar fjerne trea. Riksveg 13 blei stengd ein periode på grunn av eit ras nord i Hjelmeland.»

Oppfølging

a)  Haugaland Kraft og Statens Vegesen skal møtast for å avklare korleis straumforsyninga til den undersjøiske tunnelen T-sambandet kan bli meir robust.

b)  Haugaland Kraft må hugse å ta med Suldal kommune ved utsending av informasjon om status for kraftforsyninga.

c)  Haugaland og Sunnhordland politidistrikt tar kontakt med relevante eksterne etatar for å få direktetelefonnummer slik at ikkje treng stå i telefonkø.

d)  Fylkesmannen vil be Lyse Energi vurdere om kommunane kan få kopi av delar av rapportane som blir sende til NVE og Fylkesmannen. Der kan det også vere ei lenke til nettstaden til Lyse, kor det ligg meir informasjon.

e)  Alle kommunane som får ekstremvêrvarsel må ha rutinar for korleis dette skal vurderast . Det må vere ein låg terskel for førebuande tiltak og for å auka beredskapen medan uvêret står på. Dei aktuelle tiltaka bør stå i beredskapsplanen.

f)  Alle kommunane bør vurdere korleis dei skal informere om ekstremvêr til sine innbyggarar. Ekstraordinær kontaktinformasjon for innbyggarar som treng å komme i kontakt med kommunen bør vere ein del av dette.

g)  Fylkesmannen vil be Lyse Energi, Haugaland Kraft, Statens Vegvesen og Telenor vurdere å opprette kontakttelefonnummer ved ekstraordinære situasjonar som kommunar og viktig beredskapsaktørar kan bruke for å gjere samordninga enklare.