Draumen om å bli millionær

UKENS MÅKESKRIK: «Eg hugsar første gong eg kjende varsellampa blinke for alvor. Bandet mitt hadde vore på ein legendarisk spelejobb på Karmøy, på ein pub eg vel å anonymisere med tanke på dei involverte.»

«Eg hugsar første gong eg kjende varsellampa blinke for alvor. Bandet mitt hadde vore på ein legendarisk spelejobb på Karmøy, på ein pub eg vel å anonymisere med tanke på dei involverte.»

Eg har lenge tenkt på om eg skulle bli millionær. Eg trur det hadde slått positivt ut for sjølvkjensla. Det hadde naturligvis også ført til andre frynsegode, men eg er ikkje sikker om eg har det i meg. Det føljer så mange ting med slikt. Det ser ut som det er på same måte som med andre eigedeler. Ein må liksom heile tida vedlikehalde og følje med på renter og aksjekursar. For eks. har eg forstått at leiaren i arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre har tatt opp lån for å unngå noko av formueskatten. Det kostar med andre ord ganske mykje pengar å ha mykje pengar. Og berre tenk på alt det kjedelege papirarbeidet som føljer med.

Kanskje er det fordi eg blei hjernevaska av ein kassett delt ut av Haugesund sparebank i barndommen at eg vurderer om eg skal ta steget og bli millionær. På kassetten var det eit ekorn (trur eg) som song med lys smurfeaktig røyst. «Jeg sparer til min første million». Det følgde også med ei ekornforma sparebøsse i ein syntetisk plast som lukta heilt nydeleg.

Og faren for å bli millionær er jo alltid overhengande. Eg hugsar første gong eg kjende varsellampa blinke for alvor. Bandet mitt hadde vore på ein legendarisk spelejobb på Karmøy, på ein pub eg vel å anonymisere med tanke på dei involverte. Heile spelejobben er verd ein tekst i seg sjølv. Nok om det. Jordnære rockestjerner som me var tok me nattbussen heim til byen. Ein av dei rufsete gjestene som hadde vore på konserten tok også denne nattbussen og brukte heile turen på å skryte kvart enkelt bandmedlem opp i skyene med omkvedet:

– Det var heilt fantastisk! De kan risikera å bli millionærar!

Det er underleg, men det gjorde noko med sjølvkjensla å bli skrytt opp i skyene slik. Og medan me sigla over Karmsund bru med bedøvande skryt i øyro og såg Oasen lyse opp nattehimmelen kjende eg at dette kunne vere starten på noko stort.

«Det ville bli eit mediesirkus. Eg ville dra til Gran Canaria med «Se og hør» for å snakke ut på bassengkanten.»

Nå vart eg aldri millionær på musikk, men faren for å bli stinn av pengar finst der jo endå. Eg har for eksempel nylig gitt ut ei strålande bok som alle burde lese. Ho har fått namnet Fotturar i Norge. Ei kultbok. Utvilsamt. Gå å kjøp ho i butikken. Fortel venner og kjente om ho. På den måten kan de gjere meg til den første millionæren av nynorsk litteratur frå Haugesund. Hadde ikkje det vore artig! Er de berre mange nok så kan de saman skaffe meg nok pengar til å bli stormannsgalen og nyrik. Det kunne vore eit eksperiment om ikkje anna, og eg ville utvilsamt gjort mykje dumt med pengane og ikkje delt med nokon som trong dei meir enn meg.

Det første eg ville gjort var å bygge ei hytte på nærare 1000 kvadratmeter oppe på Vågslid. Frå lufta skulle hytta likne ein byste av Ivar Aasen. Det skulle vere heile greia. Eg ville døype ho «Aasen-hytta» og på bakgrunn av den originale innpakninga skulle planløysinga bli totalt håplaus, og fasaden eit mareritt å bygge for byggelaget frå Vinje. Det skulle sjølvsagt vere helikopterlandingsplass på den blanke issen hans. Nasen kunne vore hovudsoverom med to store vindauge i nasebora og utsikt mot snødekte vidder. Vanskane med å få selt «Aasen hytta» etter konkursen min eit par år seinare ville blitt grundig dekka av lokalpressa. Folk eg skylte pengar ville stå fram med namn. Det ville bli eit mediesirkus. Eg ville dra til Gran Canaria med «Se og hør» for å snakke ut på bassengkanten.

Ja, å gje meg pengar mellom henda kunne vore starten på eit eventyr! Men eg kan ikkje love noko. Kan hende blir eg som andre rike forfattarar. Kjøper meg eit par briller med oransje glas, går i vanlege klede og snakkar om at eg eigentleg ikkje treng alle pengane eller bryr meg om dei, så lenge eg får drive med fjellklatring og skriving, og stort sett får vere i fred.

– – –

Ukens måkeskrik rullerer mellom Gaute Sortland, Benedicte Storhaug (neste uke), Arne Valen og Birgit Amalie Nilssen